Nytt utstyr til Camp Svalbard

I 2018 ble Camp Svalbard tildelt midler frå Svalbard Miljøvernfond. Det ble kjøpt inn 8 stk venorgammer til overnatting for ungdommane, samt 8 stk multifuel- omnar til bruk i telta. Utstyret er meint som sambruksutstyr- dvs at dersom andre aktørar i byen, som t.d. Svalbard Turn eller Arktisk Naturguide ynskjer å bruke telta, skal dei ha mogelegheit til det.

Vintercampen 2019 var den første campen der telta vart brukt i felt. Erfaringa er at telta er av svært god kvalitet, enkle å sette opp og ta ned, og gir godt med lys inne i telta i og med at dei er kvite og har store vindauger og i tillegg er st. Vi ser på dette som ei lur investering som aukar tryggleiken for teltakarane i camp.

Camp Svalbard vinter er eit samarbeid mellom Longyearbyen lokalstyre, Ung i Longyearbyen, Arktisk Naturguide (ANG) og Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps (LRKH). Campen vart arrangert ved Tellbreen frå 5.- 7.april og det var 20 ungdommar i alderen 13-18 år som deltok. Et av hovudmålet til Camp Svalbard er at «Camp Svalbard skal være en naturarena som legger det forebyggende perspektivet til grunn. Campen skal være tilrettelagt for glede og mestringsopplevelser i Arktisk natur, under trygge forhold».