Sysselmannen låner ut fylgjande hytter til fastbuande på Svalbard i påska 2019 i perioden 17. april til 23. april: 

1. Bangenhuk, Mosselbukta
2. Austbotnhytta, Austfjorden
3. Krosspynten,Wijdefjorden
4. Villa Purpur, Wijdefjorden
5. Villa Møen, Wijdefjorden
6. Laksevågen, Wijdefjorden
7. Gråhuken, Woodfjorden
8. Worsleyhamna, Liefdefjorden
9. Texas bar, Liefdefjorden
10. Polheim, Mosselbukta
11.Hyttevika, ved Hornsund

Interesserte må levere søknad ved å bruke elektronisk søknadsskjema (lenke til høyre). Frist til å søke er onsdag 27. mars, kl. 15.30. Trekninga vert gjort torsdag 28. mars. Resultatet vert lagt ut på våre internettsider, www.sysselmannen.no

Søknaden må innehalde namn på alle turdeltakarar som skal nytte hytta. Sysselmannen gjer merksam på at vi ikkje kjenner i detalj kva tilstand hyttene er i, eller korleis forholda i området er.

Spørsmål kan rettast til miljøvernsjef Morten Wedege tlf. 79 02 43 05.