Sysselmannen låner ut fylgjande hytter til fastbuande på Svalbard i påska 2018 i perioden 28. mars - 2. april:

1.Bangenhuk, Mosselbukta

2.Austbotnhytta, Austfjorden

3.Krosspynten,Wijdefjorden

4.Villa Purpur, Wijdefjorden

5.Villa Møen, Wijdefjorden

6.Laksevågen, Wijdefjorden

7.Gråhuken, Woodfjorden

8.Worsleyhamna, Liefdefjorden

9.Texas bar, Liefdefjorden

10.Polheim, Mosselbukta

11.Hyttevika, ved Hornsund

Interesserte må levere skriftleg søknad til firmapost@sysselmannen.no eller Sysselmannen på Svalbard, postboks 633, 9171 Longyearbyen. Frist til å søke er mandag 12. mars, kl. 15.30. Trekninga vert gjort onsdag 14. mars. Resultatet vert lagt ut på våre internettsider, www.sysselmannen.no

Søknaden må innehalde namn på alle turdeltakarar som skal nytte hytta. Dersom dykk har fleire alternative låneynskje, ber vi dykk om å liste opp ynskja i prioritert rekkefølgje. Sysselmannen gjer merksam på at vi ikkje kjenner i detalj kva tilstand hyttene er i, eller korleis forholda i området er.

Spørsmål kan rettast til kulturminnerådgjevar Hans Olav Stegarud, tlf. 79 02 43 17.