Sysselmannen låner ut Villa Fredheim til fastbuande i to periodar, slik tradisjonen har vore dei siste åra. Fyrste periode er 22.12. - 27.12.2017 og andre periode 27.12.2017 - 1.1.2018. (Overlapp 27.12). Søknadsfrist: 27. november.

I søknaden må ein opplyse kva periode søknaden gjeld, samt namn på alle turdeltakarane som skal bu i hytta – maks 6 personar.

Trekninga vil bli gjort onsdag 29. november, og offentleggjort på Sysselmannens si nettside og facebookside.

Søknaden vert merkt «Jul på Fredheim» og kan sendast:

firmapost@sysselmannen.no

eller til Sysselmannen på Svalbard, Postboks 633, 9171 LONGYEARBYEN